Teknisk inspektør
Stillingsannonsen er inaktiv.Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 ASA
Strandavegen 15, 6900 Florø
Org. nr: - Stillingsident: 4218496801 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst til å vere med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa?
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og gjennom nye anbodskontrakter har Fjord1 dei sista åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og jobbar dagleg med nybygg i verdsklasse. Vi byggjer over eit trettitals nye el-ferjer, som alle er topp moderne med den fremste teknologien i verda. Vi skal vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og er stadig på jakt etter ny kompetanse.
No har vi ledig stilling som Teknisk inspektør i vår driftsorganisasjon og vil ha deg med på laget!
Som teknisk inspektør vil du i lag med ditt team få ansvar for ei definert fartøyportefølje. Dette inneber mellom anna at du vert ansvarleg for fartøya sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative.
Arbeidsstad er i utgangspunktet vårt hovedkontor i Florø, men også vårt kontor i Bergen kan nyttast.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk oppfølging av fartøy
- Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald
- Oppfølging av vedlikehaldssystem (Amos)
- Oppfølging av budsjett/økonomi
- Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap
- Stillinga innebærer ein del reising
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, t.d maskin, nautikk eller anna teknisk fagretning
- Kjennskap til skip/maritim drift
- Kjennskap til skipselektro
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
- God kjennskap til bruk av IT som arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
- Sjølvstendig, beslutningsdyktig og god til å samarbeide
- Gode evner til samhandling og kommunikasjon
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
- Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidsordningar
- Gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Christine Hammersvik, Operativ leiar, 94851448, christine.hammersvik@fjord1.no
Tor Kristoffersen, Regionleiar, 90207234, tor.kristoffersen@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 15
6900 Florø
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASA
Referansenr.:4218496801
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 ASA
Adresse
Strandavegen 15, 6905 Florø
Fjord1 ASA har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande ferjeselskapet i Norge. Fjord1 har også aktivitet knytt til hurtigbåt, catering og fjordbasert reiseliv. Fjord1 er eit innovativt selskap med store ambisjonar. Selskapet sin målsetnad er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og arbeider kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse. Hovudkontoret er i Florø, og det er om lag 1200 tilsette i selskapet.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 27. april 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4218496801_Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 ASA_webcruiter
Stillingsnummer: 920d5d1c-4a87-42fc-8eef-f4d7486bc204