Ledige stillingar ioppvekst- kultur og idrettsetaten
LÆRARSTILLING HØYDALSMO
Tokke kommune har ledig lærarstilling, vikariat i 100% ved Høydalsmo skule, 01.11.22 til 31.07.22
Høydalsmo skule:
1-10 skule med 65 elevar og om lag 14 årsverk for pedagogisk personale. Skulen ligg i flotte omgivelsar og naturen blir bruka aktivt i undervisninga. Me har eit godt arbeidsmiljø og ei fin elevgruppe. Skulen arbeider for eit trygt, godt og inkluderande skule- og læringsmiljø, der elevane skal oppleve meistring og trivsel. Det er fokus på tilpassa opplæring og tidleg innsats. Arbeid med implementering av ny læreplan har stort fokus i utviklingsarbeidet vårt.
++Fagynskje:++
Kunst og handverk, spesialpedagogikk og matematikk
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Dordi Fosse Didriksen, e-post: dordi.iren.fosse.didriksen@tokke.kommune.no eller
mob.: 92 21 66 08
FAGARBEIDAR/ASSISTENT PÅ
TOKKE SKULE/SFO
Tokke skule har ledig stilling, inntil 100 % vikariat, som fagarbeidar/assistent frå snarast til 31.07.22. Stillinga vil mest truleg vere ein kombinasjon mellom skule og SFO.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Knut Haugan,
e-post: knut.haugan@tokke.kommune.no eller mob.: 900 56 086
TILKALLINGSVIKARAR I BARNEHAGE OG SKULE ID XX
Me treng fleire ringevikarar til skule og barnehage frå snarast til 31.07.22.
Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad.
Me søkjer arbeidstakarar med lærarutdanning/fagbrev. ++Ufaglærte kan også søkje++
Me kan tilby:
· Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
· Eit godt arbeidsmiljø
· Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
· Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Skulle det bli fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Velkomen som søkjar!
Søknadsfrist: 6. oktober 2022
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.