Undervisning fellesfag og programfag
Org. nr: 874571172 Stillingsident: 4218282969 Presentasjon av stillingen:
Eid vidaregåande skule er ein skule med kultur for læring og næring. Det er den einaste skulen i landet med eigen operasal. Skulen har tett samarbeid med Operahuset Nordfjord, Opera Nordfjord og Malakoff rockfestival. Skulen tilbyr fem utdanningsprogram og har omlag 80 tilsette og 350 elevar. For meir informasjon sjå: eid.vgs.no
Arbeidsoppgåver
Undervisning i mellom anna norsk, engelsk, spansk, realfag, samfunnsfag, geografi og kroppsøving.
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.
Kompetanse i undervisning av minoritetsspråkleg ungdom og i fleire av skulen sine fag er ønskjeleg.
Det er eit vilkår om godkjent politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse både med tilsette og elevar
- Fagleg oppdatert
- Positivt elevsyn
- Fleksibel
- Utviklingsorientert
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande regulativ
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- 6 mnd prøvetid
- Hjelp til å skaffe bustad
Andre opplysningar
Det vert teke atterhald om at dei utlyste utdanningsprogramma kjem i gang.
Tilsette ved dei andre skulane i Vestland fylkeskommune kan ha førerett.
Det kan vere aktuelt med mindre stillingsstorleikar.
Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Torild Natvik, avdelingsleiar, 92019855
Ove Anfinn Bjørlo, rektor , 41530810
Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 3
6770 Nordfjordeid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4218282969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 19.04.2020