Sjukepleiar ved Sandane heimeteneste, 100% fast stilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Org. nr: - Stillingsident: 4068209731 Presentasjon av stillingen:
Sandane heimeteneste har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar frå snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett skal utføre sjukepleiaroppgåver. Det omfattar ordinære heimetenesteoppgåver, medisinhandtering og primærsjukepleie, i samarbeid med pasient og pårørande.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein medarbeidar med godkjend utdanning som sjukepleiar, og det er ønskjeleg at den som blir tilsett har kjennskap til heimetenesteområdet. .
Det er eit krav om førarkort for personbil.
Personlege eigenskapar
Vår nye medarbeidar må like faglege utfordringar, ha gode samarbeidsevner og kunne jobbe godt åleine og i team.
Vi tilbyr
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding
Stillinga er organisert i turnus, med arbeid kvar 3.helg.
Kontaktinformasjon
Kari Ann Krogh, Einingsleiar, 970 26 442
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenummer:4068209731
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.06.2019
Søknadsfrist: 24.05.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Gloppen kommune
Adresse
Grandavegen 17, 6823 Sandane
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sitt felles bu- og arbeidsmarknad på 40 ¿ 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. juni 2019
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mai 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4068209731_Gloppen kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 91c55908-dc2b-4ff7-9dbe-d43199bdf0eb