IT-brukarstøtte servicemedarbeidar
Stillingsannonsen er inaktiv.Møre Og Romsdal Fylkeskommune
Ulsteinvik
IT-brukerstøtte servicemedarbeider
Ved Ulstein vidaregåande skule og stab for organisasjon og tenesteutvikling, IT-seksjonen, er det ledig 100% fast stilling ved IT-servicedesk i Team Brukaroppleving. Seksjonen har f.t. 19 tilsette og to lærlingar.
Stillinga rapporterer til teamleiar brukaroppleving og er lokalisert ved Ulstein vidaregåande skule.
Du får jobbe med
IT-brukerstøtte i Team Brukaroppleving vil jobbe med brukarstøtte til tilsette og elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom sakshandsaming i supportsystemet, chat og telefon, samt fysisk rettleiing til elevar og tilsette ved skulen. Stillinga er lokalisert ved Ulstein vidaregåande skule.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
- Brukarstøtte til tilsette og elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune
- IT-støtte ved skulestart, eksamen og heildagsprøver
- Lokal IT-ressurs for skulen
- Opplæring i bruk av IT-tjenester
- Montering og rigging av teknisk utstyr og AV-utstyr
- Klientdrift - tilrettelegging "tanking" og feilsøking
- Saksbehandling i Pureservice
- Rettleiing av lærlingar
Vi søker deg som
Vi ser etter ein medarbeidar som sammen med oss vil strekke seg langt for å gi brukarane våre ei god brukaroppleving. Vår nye medarbeidar er imøtekomande, tålmodig og kompetent, og set brukaren i fokus.
Vi søker deg som er serviceinnstilt, pliktoppfyllande, utadvendt, resultat- og løysningsorientert, og som har gode samarbeidsevner og god gjennomføringsevne. Du må vere komfortabel med telefon og chat som arbeidsverktøy og ha gode skriftlige og munnlege kommunikasjonsevner.
Stor arbeidskapasitet er noko vi verdsetter, og du må takle hektiske perioder. Rutiner og nye system har du ingen problemer med å sette deg raskt inn i og du ønsker alltid å hjelpe andre på best mulig måte.
Ønska kvalifikasjonar
- Fagbrev IKT-servicefag eller grunnleggande IT-kompetanse
- God forståing av IT infrastruktur
- Erfaring med servicearbeid og kundebehandling
- Kjennskap til ITIL-metodikk
Vi tilbyr
- Interessante utfordringar med gode høve til fagleg og personleg utvikling
- Aktivt arbeidsmiljø med motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Introduksjonsprogram
- Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemsskap i KLP)
- Løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Møre og Romsdal fylkeskommune har eit datasenter med om lag 250 virtuelle og fysiske serverar, og IT-seksjonen driftar dei fylkeskommunale IT-tenestene. Vi har eit stort datanett for vidaregåande skule, tannhelse og sentraladministrasjon som IT-seksjonen har ansvar for. Team Brukaroppleving skal ivareta 1. linje brukerstøtte for alle IT-tjenestene.
Ulstein vidaregåande skule er lokalisert i Ulstein kommune, i nye og renoverte lokale i nærleiken av Høddvoll stadion, med sine ulike idrettsanlegg, som til dømes Nye Ulsteinhallen. Skulen har følgjande programområde:
- Studiespesialisering
- Idrettsfag
- Sal, service og reiseliv
- Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Elektro og datateknologi
- Påbygging til generell studiekompetanse
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Møre Og Romsdal Fylkeskommune
Adresse
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Hjemmeside
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.
Om stillingen
Stillingstittel
IT-brukarstøtte servicemedarbeidar
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 9. desember 2020
Hentet fra: FINN
Referanse: 199047749
Stillingsnummer: 91900f06-d2ca-4e18-ba48-187da0790cb5