Forskar (20%, mellombels)
Jobbnorge ID: 188268
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei midlertidig stilling som forskar (20%) til og med 31.12.2020.
Stillinga er eksternfinansiert og er knytt til NFR-prosjekt «Inclusive Evaluation of Public Health Interventions» ved Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS). Prosjektet avsluttes 31.12.2021.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Bidra med teknisk støtte til to økonomiske evalueringar av folkehelsetilak ved bruk av metoden «Extended Cost-Effectiveness Analysis» (ECEA)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
- det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan samfunnsøkonomi, helseøkonomi eller matematikk
- erfaring frå forsking om prioritering, økonomiske evalueringar, relevante helseutfallsmål og deira underliggende teoretiske begrunnelse i norsk samanheng vil og bli tillagt stor vekt
- søkjar må også ha sterke ferdigheter i kvantitativ analyse av data og statistisk programvare f.eks. Treeage, Stata, R
- evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
- kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
- søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
Vi kan tilby:
- eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan globale helseprioriteringar
- løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 - 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 - 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
- ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
- doktorgradsavhandlinga (pdf)
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden
Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
- lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
- det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
- forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ole Frithjof Norheim, ole.norheim@uib.no, tlf. +47 55586145
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.