Einingsleiar / styrar 100 % fast stilling Gullbring barnehage
Gullbring barnehage
Vi har ledig 100 % fast stilling som einingsleiar/styrar i Gullbring barnehage.
Gullbring barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i sentrum av Bø. Barnehagen ligg rett ved USN og friluftområdet Evjudalen, og har 4 avdelingar og 20 ansatte. Barnehagen er ein Miljøfyrtårnbarnehage og opptatt av å gi barna lære om å ta vare på naturen.
Det er stort fokus på dei nære, trygge og gode relasjonane mellom barn og vaksne, noko som er grunnleggjande for all anna læring.
Visionen er "Eg blir meg i møte med deg".
Gullbring barnehage deltek saman med dei andre barnehagane i Midt-Telemark kommune, i eit regionalt kompetansehevingsprogram (ReKomp) med fokus på Tryggehetssirkelen (COS-P).Barnehagane er og med i kompetanseløftet for spesialpedagogisk arbeid og inkludering.
Kort om stillinga
Midt-Telemark kommune er ein sektor-inndelt kommune og stillinga sin einingsleiar ligg under kommunalsjef for oppvekst.
Som einingsleiar og barnehagens øvste leiar, har styrar eit overordna totalansvar for barnehagen.
Arbeidsoppgåver
" totalansvar for verksemda inkludert personal og budsjettansvar
" sørge for eit godt pedagogisk læringsmiljø
" rekruttere, utvikle og leie tilsette på ein god måte
" bidra i tverrfagleg samarbeid, med særleg fokus på førebygging og tidleg innsats
" aktiv deltaking i kommunen si leiargruppe
" medverke til å vidareutvikle Midt-Telemark kommune innenfor oppvekstområdet
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
" relevant utdanning
" leiarkompetanse og leiarstil som motiverer og skaper oppslutning om mål og retning
" erfaring frå leiing og utvikling av kompetanseorganisasjonar, gjerne pedagogisk verksemd
" god økonomiforståing
" kunnskap om barnehageutvikling, evne til nytenkning og gjennomføringsevne
" god på personalleiing og arbeidsmiljø
" gode samarbeidsevner
" personleg egnaheit vil vektleggast
Vi tilbyr
" sjølvstendig og heilhetleg leiarrolle
" ei spennande leiarstilling i ein aktiv og utviklingsorientert kommune
" meningsfylt arbeidsdag
" spennande leiarutfordring med gode føresetnadar til å utforme morgondagens barnehage
" eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte kollegaer
" satsing på kompetanse og leiarutvikling
" gode forsikrings- og pensjonsordningar
" løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Særskilt for stillinga
Krav om politiattest, jf. Barnehageloven § 30. Skal framvisast før oppstart i stilling
E-læringskurset for Ledere i Midt-Telemark kommune, skal tas før oppstart i stilling
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Om bedriften
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.