Fast helgestilling for studentar i utdanningsforløp innan sjukepleie, psykologi eller medisin
Org. nr: - Stillingsident: 4096981411 Presentasjon av stillingen:
Seksjon for alderspsykiatri er ein del av Psykiatrisk Klinikk og har midlertidig beliggenhet i det nye Barne- og ungdomssjukehuset/BUS. Seksjonen behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år.
Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Seksjonen har ein sengepost med 12 sengeplassar. Seksjonen har også ein poliklinikk med ambulante tenester.
Seksjonen har ledig faste helgestillingar i inntil 20% i sengepost for pleieassistent, med arbeid pt. i todelt turnus kvar 3.helg. Variasjon i planlagd helgerytme kan førekome og ein må pårekne arbeid på enkelte høgtidsdagar.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging og praktiske oppgåver knytt til dagleg drift.
Kvalifikasjonar
- Student i utdanningsforløp innan sjukepleie, psykologi eller medisin er eit minimumskrav
- Erfaring frå helsearbeid med pasientkontakt innan geriatri/psykiatri er ei føremon
- Må meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- God IKT-kompetanse
Utdanningsretning
- Helsefag
- Sjukepleie
- Vernepleie
- Medisin
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, engasjement og ansvarsfølelse
- Strukturert og målretta
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Ta aktivt medansvar for eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Høg arbeidsmoral
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Eit inkludarende, tverrfagleg kollegie med spesialisert fagkompetanse
- Moglegheit for oppbygging av unik erfaringskompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Carina Orvedal Lønne, Ass. Seksjonsleiar, 55 97 45 35
Jorunn Møen, Seksjonsleiar, 55 97 45 82
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 15, 5.etg.
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenummer:4096981411
Stillingsprosent: 15%
Startdato: 02.09.2019
Søknadsfrist: 14.07.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.