Ferievikar i Florø, Helse og velferd
Org. nr: 820 956 532 Stillingsident: 4352320535 Presentasjon av stillingen:
Arbeidsoppgåver
Fast tilsette i Helse og velferd avviklar hovudferie i perioden 21.06.2021 - 22.08.2021, og då ynskjer vi deg som ferievikarar i tenesta vår. Viktig å merke seg at dei som kan arbeide heile eller størsteparten av perioden vil bli prioritert. Du må oppgje kva tidsrom du kan jobbe frå dato -- til dato. Fint om du vil prioritere kva teneste du ynskjer å jobbe i (t.d. 1 Heimeteneste krokane, 2 Furuhaugane omsorgssenter osb.). Dersom du søkjer fleire stadar og/eller har høve til å arbeide før eller etter den fastsette perioden må du opplyse om dette i søknaden. Er det periodar i ferien du ikkje kan arbeide i, må du opplyse om dette i søknaden. Furutun avlastningbustad er drifta i perioden 26. juni tom. 24. juli.
Kvalifikasjonar
- autoriserte sjukepleiarar/studentar
- autoriserte vernepleiarar/studentar
- autoriserte hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar/elevar
- kokkar/elevar
- andre med interesse for arbeidsfelta
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er strukturert, likar å ha ansvar og tek ansvar. Du likar å jobbe i team, er fleksibel, kreativ og løysingsorientert. Du må vere fylt 18 år og beherske norsk skriftleg og muntleg. Det er ein fordel om søkjarar til heimetenesta har førarkort, men ikkje naudsynt for jobb i alle soner. Ved tilsetting blir det kravd politiattest
Vi tilbyr
-Muligheit til å bli kjent med spennande framtidige yrker
-God opplæring med fagdag for nytilsette og opplæring i avdeling samt relevant fagmateriell
-Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
-Tariffløn og særskild avløning dersom du er under utdanning til relevant høgskule/ universitetsutdanning.
Kontaktinformasjon
Marte Aaberg, Tenesteleiar Docen ,Von og Kinnv. 1b, 94158426, MarteOsland.Aarberg@kinn.kommune.no
Evy Renate Bjørnseth, Tenesteleiar Sentrum heimeteneste, 41534918, evy.bjornset@kinn.kommune.no
Edith Aarebrot Madsen, Tenesteleiar Eikefjord heimeteneste, 41534923, EdithAarebrot.Madsen@kinn.kommune.no
Anne - Grete Sagen, Tenesteleiar Havreneset heimeteneste, 97637750, Anne-Grete.Sagen@kinn.kommune.no
Evy Bjørnseth, Tenesteleiar Krokane heimeteneste, 41534918, Evy.Bjornset@kinn.kommune.no
Erik Onstad, Tenesteleiar psykisk helse og rus, 41534967, erik.onstad@kinn.kommune.no
Linn Einebærholm, Tenesteleiar Skridsholgate 7/9 og 13, 90208933, Linn.Einebaerholm@kinn.kommune.no
Tanja Løvseth, Tenesteleiar JakobSandeveg 5/ 7, 41534925, Tanja.Lovseth@kinn.kommune.no
Grete Apalseth, Tenesteleiar Furuhaugane Omsorgssenter, 98907554, Grete.Apalseth@kinn.kommune.no
Elisabeth N. Leversund, Tenesteleiar Florø Omsorgssenter, 41534922, elisabeth.leversund@kinn.kommune.no
Linda Lundebrekke, Tenesteleiar Furutun avlastningsbustad, 45970806, Linda.Lundebrekke@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
6900 Florø
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kinn kommune
Referansenr.:4352320535
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 06.04.2021
Om bedriften
Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.