Messinglærar og korpsdirigent
Ålesund kulturskole søker messinglærar og korpsdirigent frå skoleåret 2022/23 i 50 - 75 % midlertidig stilling. Stillinga kan bli utvida ytterlegare, og kan bli gjort fast frå 1.8.23.
Det kan vere aktuelt å dele stillinga på fleire.
Ålesund kulturskole har ca. 1 400 elevar og nær 2 000 elevplassar, og tilbyr undervisning innafor dans, musikk, teater og visuell kunst. Kulturskolen samarbeider nært med dei 22 skolekorpsa i kommunen om både opplæring og dirigenttenester.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av kulturskoleelevar primært på messinginstrument og dirigentteneste i eit ev. to korps.
- Det kan også vere aktuelt med undervisning for elevar i vidaregåande skole (MDD) og musikarteneste i symfoniorkester.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskoleutdanning i musikk, med eit messinginstrument, gjerne waldhorn, som hovudinstrument, og tilfredsstillande pedagogisk kompetanse.
- Undervisninga er desentralisert, slik at den tilsette vil måtte ha førerkort (klasse B).
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss engasjerte, initiativrike, samarbeidsvillige og sjølvstendige tilsette ved Ålesund kulturskole.
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar og avtaleverk.
- Undervisningsstillingar er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet.
Kontaktinformasjon
Gaute Aamlid, Avdelingsleiar, 90056120, gaute.aamlid@alesund.kommune.no
Gro Dalen, Verksemdsleiar, 97560984, gro.dalen@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Larsgårdsvegen
6009 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4525438224
Stillingsprosent: 75%
Engasjement
Startdato: 01.08.2022
Sluttdato: 31.07.2023
Søknadsfrist: 26.06.2022
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.