100 % FAST STILLING SOM MILJØTERAPEUT
Bu -- og habiliteringsavdelinga seksjon A, har ledig stilling som miljøterapeut frå 2.5.2019. Stillinga har for tida arbeid på dagtid, og 37,5 t arbeidsveke. Det blir i hovudsak søkt etter vernepleiar, men andre med relevant helse- og sosialfagleg utdanning kan også søkje stillinga. I Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen vår, <<Herøy, ei båtlengd føre>>.
Stillinga inneber å førebu sakshandsaming i saker til endeleg vedtak fatta av Tenestekoordinering. Stillinga som miljøterapeut kan innebere også å vere primærkontakt for brukar, koordinator, arbeide ut individuell plan og jobbe miljøterapeutisk i heimane hos personar med utviklingshemming. Gi opplæring til brukarane i daglege gjeremål og halde ved like ADL trening m.m. Hovuddelen av stillinga er å arbeide ute i heimane og ein må vere fleksibel, då arbeidsoppgåvene og behova er i stadig endring.
Miljøterapeuten vil ha eit nært samarbeid med Fagleiar i seksjon A.
Vi ynskjer at du;
har evne til teamarbeid/samarbeid, er målretta, kreativ og strukturert
er løysingsfokusert og fleksibel
har god relasjonskompetanse
er ein føregangsperson og har evne til å engasjere og motivere
har 3-årig helsefagleg/pedagogisk høgskuleutdanning og praksis
har gode kommunikasjonsevner
kan rettleie ei personalgruppe
kan bruke IKT som arbeidsverktøy
har førarkort
leverer politiattest
helseattest
Vi tilbyr:
utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
løn etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement
IA-bedrift
Pensjonsordning og frivillig fritidsforsikring
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.
Du skal nytte det elektroniske skjemaet når du søkjer stillinga.
ARBEIDSSTAD: BUHAB seksjon A
STILLINGSTYPE: Fast
STILLINGSSTORLEIK: 100 %
STILLINGSID: 876
SØKNADSFRIST: 08.04.19