Konstiusjon som tingrettsdommar
Stillingsannonsen er inaktiv.Sunnhordland tingrett
Vidsteensvegen 11, 5417 Stord
Arbeidsoppgåver
Den som vert konstituert vil gå direkte inn i eksisterande portefølje, og erfaring som dommarfullmektig/dommar vil difor verta lagt vekt på.
Kvalifikasjonskrav
- Søkarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand. jur eller master i rettsvitskap.
- Søkarar må vera norske statsborgarar.
- For den som vert konstituert vil uttømande politiattest verta kravd.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som er engasjerte, målretta og opptekne av å skape gode resultat
- Tilsetjingsvilkår og lønn på gjeldande vilkår
Om stillinga
Konstitusjonen er på 6 månader, med start 23.03.2021.
- Stillinga vert for tida løna med kroner 1 205 000,- per år. Frå dette vert vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse trekt, for tida 2%.
Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å venda seg til sorenskrivar Tine Odland , telefon 52 70 14 00/95772436
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sunnhordland tingrett
Adresse
Vidsteensvegen 11, 5417 Stord
Om Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett
Domstolane har full fagkrins. Domstolane vert leia av ein sorenskrivar og har i tillegg 7 faste dommarar, 5 dommarfullmektigar. Sunnhordland tingrett har lokale i Leirvik på Stord. Den som får konstitusjon kan rekna med allsidig og interessant juridisk praksis. Me legg vekt på å ha eit godt juridisk fagmiljø og eit triveleg arbeidsmiljø.
Det er fast felles leiing for Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett. Stillinga som tingrettsdommar er felles for domstolane, men med kontorplass på Leirvik på Stord. Det kan bli aktuelt å avvikle saker i Haugaland tingrett.
Om stillingen
Stillingstittel
Konstitusjon som tingrettsdomar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 13. januar 2021
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 10014240
Stillingsnummer: 90be8a16-c1eb-4b59-abab-65af4826ffcb