Einingsleiar/Spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helse
Org. nr: - Stillingsident: 4373388763 Presentasjon av stillingen:
Ved Tverrfagleg spesialisert rusbehehandling (TSB) har vi ledig fast stilling som Einingsleiar/spesialsjukepleiar innan rus og/eller psykisk helse.
Vi er inne i ei tid med fokus på utvikling av tilbodet ved Stord DPS. Vi ønskjer at våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vi legg til rette for vidare- og etterutdanning.
Stord DPS er eit av fire distriktspsykiatriske senter i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Senteret har døgnavdeling og poliklinikk. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes.
Stord DPS er organisert saman med BUP Stord under felles leiing. Poliklinikken er inndelt i 4 team, 2 allmennteam, TSB-team og FACT-team. Ved poliklinikken er det 28 fagstillingar.
TSB skal sikre rask vurdering og psykisk helsehjelp til innbyggarane, der vurderingar er basert på høg kompetanse, og der tiltak er prega av tverrfaglighet og aktivt samarbeid både internt og eksternt. Frå hausten 2020 er vårt ansvarsområde knytta til LAR pasientar utvida til og å omfatta utlevering. Teamet består av overlege, psykologspesialist, sosionom og psykiatriske sjukepleiarar.
Stord DPS ligg på Stord som har 18.000 innbyggjarar, eigen flyplass med avgangar til Oslo kvar dag. Norges nest største by, Bergen, når du med offentleg transport på 2 timar.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar TSB-team
- Pasientoppfølging både poliklinisk og ambulant
- Oppfølging inkludert utdeling av LAR-medikament
- Samarbeid med Interkommunal legevakt, førstelinjetenesta, NAV og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer sjukepleiar med spesialutdanning innan rus og/eller psykisk helse, eller annan relevant fagbakgrunn.
- Relevant leiarerfaring ynskjeleg.
- Erfaring og kjennskap til TSB-feltet, inkludert LAR.
Utdanningsretning
- Sjukepleie videreutdanning
- Sosionom
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring blir vektlagt
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi dette til kjenne i søknaden.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Stillinga er dagstilling, 37,5 timars veke.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Olav Koppang Sævareid, Funksjonsleiar SDPS, 91741403, olav.koppang.sevareid@helse-fonna.no
Håvard Wester Breistein, Seksjonsleiar SDPS/BUP, 93241877, havard.wester.breistein@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4373388763
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2021
Søknadsfrist: 22.04.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.