Fastlege / Tilsynslege
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4388673552 Presentasjon av stillingen:
Førde legekontor er eit av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum. Førde legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 2.200 listepasientar fordelt på 3 fastlegar, 2 kommunalt tilsette fastlegar og 1 fastlege i sjølvstendig næringsverksemd.
Då ein av dei kommunalt tilsette legane skal slutta, har me ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste på 800 pasientar.
Om det er interesse for å inngå i kontorfellesskap som sjølvstendig næringsdrivande med avtaleheimel, så er det mogleg å ta kontakt for å diskutera dette.
Arbeidsoppgåver
- Generelle allmennmedisinske oppgåve
- I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter - 1 dag i veka
- Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 3-4 vakter i månaden)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedisin. Legar utan spesialisering i allmennmedisin kan og søkja, då kommunen vil tilretteleggja for spesialisering i allmennmedisin (LIS 3)
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
- Det blir stilt krav om politiattest i tråd med lov om helsepersonell
Personlege eigenskapar
- God klinisk vurderingsevne
- Gode kommunikasjonsevne
- Evne og vilje til samarbeid, både med pasientgruppa og kollegaer/hjelpepersonell
- Personlege egnethet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Fast lønn
- Veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell
- Kommunal tilsetjing med fastlønn skjer etter gjeldande regelverk, og med pensjonsordning i KLP
- Evt. tildeling av heimel og overdraging av praksis skjer iht. rammeavtale ASA 4310
Kontaktinformasjon
Tore Bøe Olsen, Einingsleiar Helse og Rehab, 974 10 814
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4388673552
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.06.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.