Frå 1. desember har vi ledig stilling som REDAKTØR
Vi jaktar på ein humørfylt inspirator med god penn og sans for dei gode lokale sakene. Som redaktør i Nordre må du forstå samfunnsrolla til lokalavisa, og ha hjarte og teft for å lage journalistikk for dei som bur i heile dekningsområdet.
Nordre dekker nordre del av Ålesund kommune, tidlegare Haram og Sandøy. I august 2022 opnar vegsambandet Nordøyvegen og gir fastlandsforbindelse til over 2700 innbyggarar og knyter regionen saman. Distriktet er eit av dei fremste industriområda i fylket.
Redaktøren skal vere ein aktiv skrivande ressurs, men skal også bruke av si tid til å utvikle både medarbeidarane og lokalavisa sitt lesartilbod på papir og digitalt. Redaktøren er fagleg leiar for dei redaksjonelle medarbeidarane, samt ansvarleg for stoffproduksjon og avisprodukt. Redaktøren har ansvar og myndigheit i høve redaktørplakaten.
Avisa vert gitt ut på nynorsk.
Vi arbeider i Office og Adobe på Mac.
Kjennskap til dekningsområdet vil vere ein fordel.
Løn etter avtale.
Spørsmål om stillinga, kontakt dagleg leiar Åshild Fjørtoft på e-post: aashild@nordrenett.no eller på tlf. 416 80 550
Søknadsfrist: torsdag 23. september.
Send søknad til Nordre ved styreleiar Einar Ekroll på e-post: einar.ekroll@tussa.com
Om bedriften
NORDRE er lokalavisa for nordre del av Ålesund, tidlegare Haram og Sandøy. Papiravisa kjem ut ein gong i veka og med daglege oppdateringar på nett. Lokala til Nordre er i Brattvåg sentrum. Avisa har lokale eigarar og selskapet har eigarinteresser og samarbeid med avisene Sulaposten og Midsundingen.