ID 1869 SFO leiar - Litlabø skule
Litlabø skule ligg i bydelen Litlabø i Stord kommune. Skulen har 115 elevar fordelt på 1.-7. trinn, samt ein SFO-avdeling med om lag 25 born. Skulen ligg fint og usjenert til, med flott natur kring, like ovanfor det gamle gruveområdet på Litlabø.
Det er ledig fast 100% stilling som SFO leiar
Me søkjer etter ein SFO-leiar som viser varme ovanfor borna/elevane og har høge forventningar til barna si trivsel og utvikling. Me søkjer etter ein SFO-leiar med engasjement for å vidareutvikle SFO-tilbodet i tråd med Rammeplan for SFO.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Administrering av SFO
- Leiing av personalet på SFO
- Planlegging og organisering av aktivitetar og innkjøp
- Drive utviklingsarbeid
- Bidrar til godt samarbeid med føresette
- Deltek i skulen si leiargruppe saman med avdelingsleiarar og rektor
- Bidrar til godt samarbeid mellom skule og SFO
Kvalifikasjonskrav:
- Me ønskjer at du har pedagogisk utdanning.
- Du må kunne jobbe i skule og SFO.
- Du har gode IKT ferdigheiter
- Du har erfaring frå arbeid med born
- Leiarerfaring er ein fordel
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til nærmaste leiar, rektor Kesia Tabita Sowerby Palmer tlf. 926 46 805.
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.