Reinhaldar/ kjøkkenassistent
Sunnmøre Folkehøgskule ligg i Ulsteinvik og har ca 115 elevar over 18 år.
Skulen er eigd av Norges KFUK-KFUM og har om lag 30 tilsette.
I tillegg til vanleg folkehøgskuledrift blir skulen brukt til catering, kurs, konferansar, selskap og overnatting.
Reinhaldar/kjøkkenassistent
Frå 01.01.21. har vi ledig 50% stilling som reinhaldar med høve for utviding av stillingsprosent som kjøkkenassistent på sikt.
Stillinga inneber varierte arbeidsoppgåver innanfor reinhald og kjøkkendrift.
Vi søkjer ein person som er fleksibel, nøyaktig i arbeidet og med ”stå-på-vilje”.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og kompetanse ved tilsetjing.
Kjøkken- og reinhaldsavdelinga har om lag 13 tilsette. Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø, lønns- og arbeidsvilkår etter avtale og medlemsskap i Statens pensjonskasse.
For meir informasjon, sjå www.sunnmore.fhs.no
Om bedriften
Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare SAS-hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar.
Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte.