Ringevikarar
Me i Breiflabben er på jakt etter fleksible ringevikarar med godt humør og kjærleik for natur og barn! Hos oss skal du vere ein verdig part i fellesskapet uansett stillingsbrøk og utdanning - difor søker me deg som er engasjert og vil eige kvardagen din. Du blir ein del av eit team som drar lasset saman! Hos oss skal me gjere dagen god for kvarandre og for barna.
Tåler du ein regnskur? Har du eit trygt fang? Har du glimt i auga og ein god dose energi?
Send ein søknad :)
Om bedriften
Ein liten friluftsbarnehage med fokus på natur, kropp og helse. Me har eit engasjert personale som vil skape ein trygg stad for barn og foreldre.