Sjukepleiar - 100 % - Radøy Velferdssenter
Alver kommune
Idrettsvegen 2, 5936 Manger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - Radøy Velferdssenter, 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. desember
Om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar med todelt turnus. Du har rom for å påverke arbeidstida di. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje langvakter kvar 4. eller 6. helg. I tillegg er det mogleg med langvaktsturnus i vekene. Langvakter er ei prøveordning som vi starta med i fjor, og som vi ser fram til å få fleire erfaringar med.
Radøy Velferdssenter
Velferdssenteret er ein av fire sjukeheimar i Alver Kommune, og ligg 2 mil frå Knarvik. Sjukeheimen har plass til 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personer med demens. Vi har ei korttidsgruppe med plass til sju pasientar, der tre av dei er for pasienter med behov for palliativ tilnærming. Den største gruppa har plass til 17 pasientar som er somatisk sjuk.
Hos oss jobbar det mange ulike yrkesgruppar, til dømes lege, spesialsjukepleiare, sjukepleiare, helsefagarbeidare og pleiemedhjelpare. Som sjukepleiar hos oss vert du ein del av eit godt fagmiljø der vi har fokus på «kva er viktig for deg». Du vil få kollegaer med glimt i auge, og ein arbeidskvardag der latteren ofte sit laust.
Velferdssenteret er deltar i TØRN-prosjekt på vegne av Alver kommune. Vi har jobba med oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning.
Vi søker deg som er klar for å ta fatt på utfordringar med eit smil og eit ope sinn.
Arbeidsoppgåver
- Gi fagleg forankra pleie og omsorg til våre pasientar og pårørande
- Delta i daglege oppgåver i avdelinga og være ein god rollemodell for kollegaer og studentar
- Ha det sjukepleiarfaglege ansvaret for sjukeheimen på kveld og helg
- Ha legevisitt og påfølgande oppfølgingsarbeid
- Dokumentasjon jfr helsepersonelloven
- Medikamenthandtering og lindrande behandling
- Bidra til godt og tverrfagleg samarbeid
Kompetansekrav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test.
- Du må ha gode kommunikasjonsferdigheter
- Fordel med erfaring frå eldreomsorg
Kven er du?
På Velferdssenteret ønskjer vi oss ein sjukepleiar som er handlekraftig og fleksibel, som finn gode løysingar sjølv i pressa situasjonar. Det er viktig at du kan jobbe strukturert, og at du kan prioritere og delegere oppgåver. Som sjukepleiar bidreg du aktivt til at pasientane får ein trygg og god kvardag, til tross for utfordringane dei har. Du er ein lagspelar som trivs i tverrfaglege team og er klar for kunnskaps- og erfaringsdeling med kollegaer.
Du er open for ulikskap og evner å byggje relasjonar basert på respekt og tillit.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Fokus på medverknad og utvikling
- Moglegheit for å jobbe bredt fagleg
- Årsturnus
- Sjukepleiare i Alver kommune ligg over minstelønnsgarantien til KS
- Rekrutteringstillegg på 50.000 kr mot to års bindingstid
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted