ID 1619 Kjøkkenmedarbeidar - Knutsaåsen omsorgssenter
Det er ledig 14 % vikariat som kjøkkenmedarbeidar frå snarast, fram til og med 07.01.21. Arbeids- og ansvarsområde:
I stillinga skal ein vera med å leggja til rette for god ernæring og positive matopplevingar for bebuarane.
Kvalifikasjonskrav:
- Du må ha god ordenssans og det stilles krav til hygieniske prinsipp i arbeidet på kjøkkenet.
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Godt humør og positiv innstilling til arbeid og kollega er ein føresetnad.
- Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø og god opplæring.
Løn etter utdanning og kvalifikasjonar, og i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje
Ved tilsetjing må politiattest føreliggja.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare informasjon får ein ved å kontakta einingsleiar Kristin Steinsland tlf 41 69 42 66 eller Svein Håkon Johnsen tlf 48 99 09 16
Søknadsfrist : 23.08.20