Styrmann
Org. nr: - Stillingsident: 4236022342 Presentasjon av stillingen:
Styrmann på fartøy i Kystverket Rederi
Arbeidsoppgåver
Styrmann, navigatør
Delta og i mange tilfelle lede bygge og anleggsarbeid på Kystverket sine navigasjonsmerke og innstallasjonar langs kysten.
Sjå til at last og utstyr er forsvarleg sikra. Kontrollere utstyr til brann- og redning og
gjennomføre øvingar.
Fagleg rettleiar for matroslærling og dekkskadett
Stilling som styrmann er generelt på fartøy i Kystverket Rederi kan vere enestyrmann, overstyrmann eller første styrmann.
Kvalifikasjonar
Dekksoffiser minimum Kl D3 (opp til 3000kw) eller full utdanning for å kunne løyse ut relevant sertifikat
GOC/ROC sertifikat
Allsidig formal eller realkompetanse innan bygg-håndverksfag
Flytande norskkunnskaper
Det blir lagt vekt på allsidig erfaring frå bygg og handverksfag.
God kunnskap om og erfaring frå bruk av IKT verktøy
Sikkerhetskurs STCW-2010 for offiserer inkludert medisinsk behandling
Må kunne legge fram godkjent helseattest for sjøfolk
Krav til god fysikk og at ein er komfortabel med arbeid i høgda.
Personlege eigenskapar
Kystverket søkjer framtidsretta og engasjerte medarbeidarar, som kan utføre sitt arbeid på ein påliteleg og faglig god måte.
Vi tilbyr
Eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø
Konkurransdyktige vilkår
Ei spanande navigatør- stilling med muligheit for utvikling
God pensjonsordning etter statens pensjonskasse
Stillinga er plassert i St.kode 0103 Styrmann, ltr 51 - 58, frå brutto kr 449.400 - kr 505.800 pr år. Tillegg for vakt og tilgjengelegheit etter gjeldande særavtale kr 56.800 pr.år. Overtid og ekstra arbeid/kurs i friperiode kjem i tillegg.
Ferieheimsordning for nokre av Kystverket sine fyr.
Bedriftshelseteneste
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
Gjeldande særavtale med avtale om arbeidstidsordning 4 arbeidsveker på og 4 friveker.
Jul/Påske er ferie/fri, men grunna beredskap har nokre fartøy vakt.
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss.
Kontaktinformasjon
Alf Arne Borgund, avdelingsleder fartøysdrift, alf.arne.borgund@kystverket.no
Hege Natland, Avdelingsleder mannskapsavdeling, 07847, hege.natland@kystverket.no
Arbeidsstad
Sorenskriver Bulls gate 3
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenr.:4236022342
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2020
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.