Vernepleiar 100 % fast stilling ved Vigra skule - Giske kommune
Det blir ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut ved Vigra skule frå 01.08.2019.
I tillegg til formell kompetanse, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er godt skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sosial- og sosialpedagogisk arbeid retta mot enkeltelevar og grupper av elevar
- Ansvar for kartlegging, planlegging og tilrettelegging for undervisning
- Tett samarbeid med elevar, føresette, andre tilsette ved skulen og relevante instansar utafor skulen
- Arbeid også i skule- og fritidsordning, SFO
- Koordinator i ansvarsgruppe
- Leie og referere i ulike møter osb.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som vernepleiar, barnevernspedagog eller sosionom. Andre med relevant utdanning og erfaring kan også søkje.
- Kompetanse for å planlegge og legge til rette for god livsmeistring
- God digital kompetanse
- Godt norsk språk - skriftleg og munnleg
Personlege Eigenskapar
- Fagleg og personleg tryggheit
- Vilje til å stå i tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, trivsel og læring
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit, med fokus på Growt Mindset
- Evne til sjølvstendig arbeid, men også til samarbeid med andre
- Evne til å arbeide forutsigbart og strukturert, motivere og gjennomføre
- Kapasitet til å stå i utfordrande situasjonar både fagleg og emosjonelt
- Leiken, blid, engasjert og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Eit læringsfellesskap som arbeider for å skape god livsmeistring for elevane i eit trygt og utforskande miljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunalevilkår.
Kontaktinformasjon
Karianne Oline Farstad, avd.leiar, (+47) 70183912
Åse Elisabeth Skjerseth, einingsleiar/rektor, (+47) 98431522
Arbeidsstad
Vigra
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Giske kommune
Ref. nr.:4030435007
Stillingsbrøk: 100%
Heltid, Fast
Startdato: 01.08.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4030435007&company_id=3032552376&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.