Leiar AiR-klinikk
Vil du vera leiar for ein unik og utviklingsorientert klinikk?
Me ynskjer oss ein engasjert leiar, med arbeidsglede, leiarerfaring og engasjement for fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Det er ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn.
AiR-klinikk skal vera fagleg i front, og jobbar målretta og strategisk med kvalitets- og utviklingsarbeid. Klinikken er, saman med Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering , ein del av Rehabiliteringssenteret AiR as. Me er difor ein unik, nasjonal institusjon i spesialisthelsetenesta. AiR er eit ideelt selskap lokalisert i Rauland i Telemark.
AiR-klinikk tilbyr landsdekkande døgnbasert rehabilitering, hovudsakleg for personar med helseutfordringar som er utanfor eller står i fare for å falle ut av arbeidslivet.
For meir informasjon, kontakt direktør Svein Kostveit på tlf. 48037560 eller e-post: svein.kostveit@air.no
Søknadsfrist 5.11. 2020
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 80årsverk og 95 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet.