Økonomisjef
Stillingsannonsen er inaktiv.Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Org. nr: 963 989 202 Stillingsident: 4260491928 Presentasjon av stillingen:
Stryn har om lag 7200 innbyggjarar og ligg i inste delen av Nordfjord. Vi har eit aktivt og utviklingsorientert næringsliv, der både reiseliv og industri er mellom dei fremste i landet på sine område. Stryn kommune har i overkant av 800 tilsette fordelt på 563 årsverk. Kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsplass med fokus på å rekruttere, utvikle og halde på dei beste medarbeidarane. Stryn kommune vart i 2019 kåra til den 5. beste kommunen i Noreg på kommunebarometeret.
Økonomisjef Stryn kommune
Då noverande økonomi-/IT-sjef skal gå av med pensjon, søker Stryn kommune ny økonomisjef.
Som økonomisjef vil du få ei nøkkelrolle i å vidareutvikle Stryn kommune som kompetanseorganisasjon. Du får ei sentral strategisk rolle og inngår i kommunedirektøren si toppleiargruppe. I tillegg blir du ein viktig støttespelar for kommunalsjefar og andre leiarar. Stillinga rapporterer til kommunedirektør.
Ansvarsområdet er kommunen si strategiske økonomistyring samt den operative leiinga av kommunen si økonomiavdeling. Avdelinga leverer tenester til heile kommuneorganisasjonen. Vi har store ambisjonar for den vidare utviklinga av avdelinga og økonomisjefen vert sentral i dette arbeidet.
Vi søkjer ein kollega som kan utvikle organisasjonen Stryn kommune som tenesteleverandør og vere ein pådrivar i bruk av ny teknologi, samt å ha fokus på strategisk organisasjonsutvikling for å nå framtidige mål.
I tillegg til fagleg tryggleik og kunnskap vil det også vere avgjerande at du som økonomisjef har eigenskapar som gjer at du kan vere sentral i vårt utoverretta arbeid og ha ei synleg rolle i vår organisasjon.
Arbeidsoppgåver
• Leie og vidareutvikle økonomiavdelinga. I dette ligg fullt fag-, personal- og økonomiansvar
• Strategisk planlegging, utvikling og rådgjeving innan økonomiområdet
• Arbeid med finansiering (operativt og strategisk) for den kommunale aktiviteten
• Initiere og delta i utviklingsarbeid i kommunen
Kvalifikasjonar
Utdanning på masternivå relevant for fagområdet. Kandidatar utan master vil verte vurderte om ein har anna relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå og særskilt relevant praktisk erfaring
Solid erfaring innan økonomifunksjon, gjerne frå kommunal eller annan offentleg sektor. Bakgrunn både frå strategisk og operativt arbeid innan fagområdet er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
• Godt humør og vilje til å delta i å skape ein god arbeidsplass i den beste kommunen
• Omgjengeleg i møte med andre leiarar, tilsette og innbyggjarar
• Strategisk og analytisk, men ikkje i så stor grad at det går utover evna til å iverksette og levere
• Samlande og truverdig som leiar
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
• Ei strategisk leiarstilling med stor påverknadskraft i ein organisasjon i utvikling
• Spennande leiar- og utviklingsutfordringar i ein stor organisasjon
• Ein sentral plass i ein organisasjon med dyktige og ambisiøse medarbeidarar og leiarar
• Eit ordna, men hektisk og dynamisk arbeidsmiljø
• Løn etter avtale. Gode pensjonsvilkår.
Kontaktinformasjon
Rune Hovde, Kommunedirektør, 9064 0051
Nils Petter Hauge, HR-sjef, 9909 8112
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stryn Kommune
Referansenr.:4260491928
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Adresse
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 13. august 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4260491928_Stryn Kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 8f01e9a9-6f17-42cc-aa54-067927ec5a73