Avdelingsdirektør i e-helseavdelinga
Jobbnorge ID: 186467
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folket. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg arbeidstilhøva til rette om det trengst.
Gjev du til kjenne at du har innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan opplysningane du gjev, brukast til statistikkformål.
Vi søker ein utviklingsorientert avdelingsdirektør til e-helseavdelinga vår
Avdelinga følger opp tiltak for digitalisering i sektoren, mellom anna utvikling av journalløysingar (inklusiv Akson og Helseplattformen), samhandling mellom aktørane i sektoren, digitalisering på legemiddelområdet, helsedata, velferdsteknologi og informasjonstrygging og personvern. Avdelinga arbeider med både finansierings- og styringsmodellar, budsjett, lovverk samt organisatoriske verkemiddel for å styrke og styre digitaliseringa. I samband med koronapandemien leier avdelinga no også arbeidet med digitaliseringstiltak som skal bidra til å avgrense smittespreiing og bidra til effektiv behandling og oppfølging av pasientar og innbyggarar. E-helseavdelinga har ansvaret for etatsstyring av Direktoratet for e-helse, innhaldsstyring av Norsk Helsenett SF og oppfølging av Norsk Helsearkiv.
Avdelinga har totalt 12 tilsette. Avdelingsdirektøren skal leie éin av to seksjonar i avdelinga og ha personalansvar for dei tilsette i seksjonen. Stillinga gir svært gode høve for personleg og fagleg utvikling på eit spennande fagområde med høge politiske forventningar.
Avdelingsdirektøren rapporterer til ekspedisjonssjefen i avdelinga og deltek i leiargruppa i avdelinga.
Kvalifikasjonar
Du må ha
- høgare utdanning på masternivå
- relevant arbeidserfaring og god kjennskap til digitaliseringsarbeidet på nasjonalt nivå i helse- og omsorgssektoren
- kjennskap til politiske avgjersleprosessar
- interesse for digitalisering og forvaltningsutvikling
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- god arbeidskapasitet og kunne handtere korte tidsfristar og mange saker samtidig.
Personlege egenskapar
Du må
- vere samfunnsengasjert, ha god system- og rolleforståing og utøve godt skjønn
- ta initiativ, arbeide sjølvstendig og ha god gjennomføringsevne
- ha gode samarbeidsevner, etablerer gode relasjonar internt og eksternt samt drive prosessar på ein god måte
- vere ein pådrivar for utvikling av ansvarsområdet
- vere ein raus og omgjengeleg person som evnar å motivere kompetente medarbeidarar til å levere høg kvalitet til avtalt tid
- sørge for at medarbeidarane dine forstår kva krav og forventningar det er til det den enkelte leverer
- vere oppteken av utviklinga til dei tilsette
Vi legg vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
-
Svært gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og moglegheit til å vidareutvikle eit interessant og viktig fagområde.
-
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ei avdeling som har høgt tempo og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer.
-
Fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar.
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
- Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
-
Løn: kr 830 000 - 1 030 300 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
-
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Vil du vite meir?
Dersom du vil ha nærmare informasjon, kan du kontakte ekspedisjonssjef Lars Bjørgan Schrøder på tlf. 91708378.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Du må kunne tryggleiksklarerast.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV. Vi ber om at du i søknaden gjer greie for resultat i tidlegare arbeidsforhold og motivasjonen for å søke på denne stillinga.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Etter at søknadsfristen er gått ut, blir det laga ei offentleg og ei utvida søkarliste. Søkarar som har bede om å få søknaden konfidensielt handsama, kan likevel bli oppførte på søkarlista. I så fall blir desse søkarane varsla før offentleggjering.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta,
medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka. Departementet har 220 tilsette.
Les meir om oss på regjeringa.no.