Reinhaldar
Stranda ungdomsskule, Stranda kommune
6200 Stranda
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. november
Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring er ein 8-10. skule med ansvar for grunnskuleopplæringa for om lag 130 elevar. Skulen ligg i Stranda tettstad og var ferdig totalrenovert våren 2013.
Strandahallen er ein kommunal idrettshall i full storleik, handballbane og tribuner. Hallen er av eldre årgang, garderobeanlegget vart rehabilitert i 2013.
Vi har ledig følgjande stillingar som reinhaldar:
- 100% vikarstilling ledig frå 5. januar 2026 - 31. desember 2026
- 75% vikarstilling ledig frå 5. januar 2026 - 31. desember 2026
- Gjensidig oppseiingstid på 1. månad.
- Heile eller delar av stillingane kan bli omgjort til fast tilsetting på sikt.
- Stillingane kan eventuelt delast på fleire personar. Opplys i søknaden kva stillingsstorleik du søkjer på.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle kandidatar vil bli innkall til intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil vere dagleg reinhald i lokala til Stranda Ungdomsskule.
- Reinhald i Strandahallen , tribuner, korridorar og garderober.
- Nedvask av skulen i samband med feriar er lagt inn i stillingane.
- Arbeidstid er normalt på ettermiddag og kveld, frå kl. 14.00.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i reinhaldsfaget er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Gjerne erfaring frå tilsvarande arbeid.
- Opplæring blir gitt
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig, påliteleg og sjølvstendig
- Samarbeidsvillig og fleksibel
- Må klare å kommunisere godt på norsk, anbefalt munnleg på B1 nivå, skriftleg på A2 nivå.
- Må tole å stå i eit fysisk arbeid over tid.
Vi tilbyr
- Lønn etter regulativ med tillegg for arbeid på kveldstid (etter kl. 17:00)
- Føreseieleg og strukturert arbeidskvardag etter gjeldande reinhaldsplan.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsetteKontaktinformasjon
Elisabeth Vågsæter, Inspektør, 46411101, eliva21@stranda.kommune.noPaul Ivar Pedersen, Rektor, +47 46411100
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5040750792
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 05.01.2027
Søknadsfrist: 26.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Paul Ivar Pedersen
Rektor
+47 46411100
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8eb493a1-0c01-41aa-b74c-5d737ea20322
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
648fb6d1b7764d8cab52cc5489cea912
Lignende annonser
Tilkallingsvikarar
Arbeidsgiver
Ringstad skule, Stranda kommune
Sted
Stranda
Arbeidsgiver
Rambolt Eiendom AS
Sted
Ålesund
Undervisningsstillingar
Arbeidsgiver
Ringstad skule, Stranda kommune
Sted
Stranda