60 % fast stilling som helsesjukepleiar f.t. ved avd. Helsestasjon, Førebyggjande helsetenester
Beskrivelse
Avd. Helse (helsestasjon og skolehelseteneste) er organisert under tenesteområdet Førebyggjande helsetenester. I
tillegg til helsesjukepleiarar og jordmor så har helsestasjonstenesta helsesekretær, psykolog og lege.
Ved avdelinga er det ledig stilling som helsesjukepleiar:
60 % fast stilling ledig frå 01.01.2021
Arbeidsoppgåver
Helsesjukepleiar har ansvar for oppfølginga av oppgåver knytt til asylmottaket. Det er ønskelig at søker har erfaring og særlig interesse for arbeid med asylsøkere og smittevern.
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar som er opptatt av tidleg innsats, folkehelse, tverrfagleg samarbeid og utvikling av tenesta. Er du på utkikk etter nye utfordringar og vil du vere med på laget? Ta gjerne kontakt
om det er noko du lurer på og send oss ein søknad.
Kvalifikasjonar
Godkjent utdanning som helsesjukepleiar, sjukepleiar som er under utdanning som helsesjukepleiar eller sjukepleiar som da må starte opp med utdanninga innan 2 år.
Eigenskapar som blir tillagt stor vekt:
- Gode samarbeidsevner.
- Evne til å byggje relasjonar.
- Sjølvstendig.
- Fleksibilitet.
- Positiv og engasjert.
- Beherske norsk munnleg og skriftleg.
Førarkort klasse B og politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
Vi kan tilby
- Fast stilling i ein framoverlent kommune med fokus på økonomistyring, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Konkurransedyktig løn.
- Hjelp med å finne bustad.
- Barnehageplassgaranti.
Føresetnader / vilkår
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.