Ørsta vgs - tilkallingsvikar naturfag og matematikk
Om stillinga
Med bakgrunn i den spesielle situasjonen rundt korona og strenge smittevernreglar ved skulen, ser vi at vi har eit auka behov for tilkallingsvikarar for å dekke opp undervisninga. Vi treng difor tilkallingsvikar i matematikk og naturfag i vår vikarpool. Vikarbehovet kan variere, det kan anten vere på timesbasis, dagar eller for fleire veker.
Vi har lang søknadsfrist på denne utlysinga, og vi tek kontakt med aktuelle vikarar så snart som råd når behovet er der. Det kan vere at du må kunne stille på kort varsel, men vi vil så langt det er råd prøve å skape framsynt planlegging for vikarar.
Vi søker deg som
har relevant utdanning og/eller har erfaring til å ta på deg vikariat innanfor anten naturfag eller matematikk. Du underviser då vg1-klasser ved dei ulike programområda.
Du må ha minimum 60 stp. i matematikk og/eller naturfag, samt pedagogikk. Søkjarar med relevant utdanning og som kan undervise i begge faga, vil bli prioritert.
Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengeleg, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må trivast saman med ungdom, men også vere ein trygg og tydeleg vaksen.
Vi tilbyr
" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter tariff
Om skulen
Ørsta vidaregåande skule er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie i over 50 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen. Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygg på kvarandre gir rom for tett relasjon mellom lærar og elev, noko som vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. Skulen har kontinuerlig fokus på å uvikle fagmiljøa både internt og saman med eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom skulen sin visjon om "Meistring gjennom aktivitet og utforsking" ynskjer vi å gje elevane våre ei solid læringsplattform der kunnskap og opplevingar kjem i fremste rekke.
Ørsta vidaregåande skule har ca 300 elevar fordelt på 5 programområde, og har ca 80 tilsette.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.