Lærar - inntil 2 faste stillingar
Stillingsannonsen er inaktiv.Austevoll kommune
Austevoll
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Arbeidsstad Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 300 elevar og ca. 50 tilsette. Skulen er plassert midt på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling. Vi har felles skulelunsj ordning for 5-7. trinn i elevkantine.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- undervisning
- kontaktlærarfunksjon
Kvalifikasjonar
- godkjent lærarutdanning
- kunnskapar om og evner til god klasseleiing
- gode samarbeidsevner
- at du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
- ønskeleg med erfaring som kontaktlærar
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Vibecke Storebø, Tlf: 55081325, Epost: vibecke.storebo@austevoll.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Adresse
5392 Storebø
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.
Om stillingen
Stillingstittel
Allmennlærer (grunnskolen)
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 6. april 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 10011211
Stillingsnummer: 8de2cdbe-7d71-43bf-93c3-373b33131f0f