Lærar vaksenopplæringa - mellombels stilling
Org.nr.:864 968 422 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig ei mellombels 100 % stilling som lærar ved vaksenopplæringa for skuleåret 2019/20. Ved langvarig behov for lærar ved vaksenopplæringa kan stillinga gjerast om til fast tilsetjing.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærar 5.-10. eller andre med godkjend pedagogisk utdanning
- Undervisningskompetanse i norsk eller norsk som andrespråk
- Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
- Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
- Gode samarbeidevner, vere initiativrik og fleksibel
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samstundes ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
- Redusert undervisningsplikt og mentorordning for nyutdanna
- Noregs beste pensjonsordning i SPK
- Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Ola Sande , Tlf: +47 57738071, Epost: ola.sande@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Ved Fjaler ungdomsskule arbeider vi for eit læringsmiljø som sikrar:
- tilpassa opplæring for alle, med god balanse mellom utfordring og meistring
- høg fagleg kvalitet, som grunnlag for personleg vekst og vidare skulegong
Vi legg til rette for utvikling av:
- tryggleik, trivsel og medverknad
- lærelyst, kreativitet og kritisk sans
- samarbeid, personleg ansvar og god takt og tone
- godt samarbeid med heimen
Fjaler ungdomsskule har:
- nulltoleranse for mobbing, vald og rasisme