Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar
I Vest politidistrikt, GDE Bergen, Askøy og Øygarden, tenesteeining Bergen nord, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som avsnittsleiar. Stillinga er stadsplassert ved Bergen nord politistasjon, Seksjon for forebygging, patrulje og etterforsking, Avsnitt for etterforsking.
Stillingsinnehaver har ansvar for den daglege drifta på avsnittet i tett samarbeid med seksjonsleiar og avsnittsleiar på patrulje og politikontakten. Stillinga vil ha eit relativt høgt arbeidspress, og ved spesielle hendelsar/ saker må noko overtidsarbeid påreknast. Stillinga vil ha jevnleg kontakt med andre avdelingar internt og eksternt.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å følgja opp etterforsking som er tillagt tenesteeininga, herunder delta aktiv i dagleg produksjon på ege fagfelt
- Resultatansvar på eige avsnitt, herunder porteføljestyring på alle straffesaker ved avsnittet.
- Personal- og HMS-ansvar for eige avsnitt
- Planlegge og leia den daglege tenesta ved avsnittet
- Gi fagleg rettleiing til medarbeidarane ved avsnittet
- Vere med å utvikla ein kultur for openheit gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
- Sørge for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, andre avsnitt og innbyggarane
- Aktiv deltaking i tenesteeninga si leiargruppe. Følgje opp og setja i verk leiargruppa sine avgjerder
- Ansvar for HMS på eige avsnitt
- Mediekontakt for eige ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Kjennskap til systematisk HMS arbeid
- Relevant leiarutdanning og/eller leiarrerfaring er ein fordel
- Brei politifagleg kompetanse er ein fordel
- Videreutdanning innan etterforsking og etterforskingsleiing er ein fordel
- Kjennskap og erfaring med arbeid i PAL og kjennskap til bruk av Excel er ein fordel
- Kjennskap til offentleg forvalting og statleg avtaleverk er ein fordel
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Personlege eigenskapar
- Evne til å handla i eit strategisk og heilskapleg perspektiv
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Gode leiareigeskaper, med evne til at vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidere
- Evne til å skapa gode relasjonar/samhandle både internt og eksternt
- Evne til kreativ problemløysing
- Ha evne til å motivera og gjera andre gode
- Sette retning, driva endring og bidra til god virksomhetsutvikling
- Evne til å skapa eit godt arbeidsmiljø saman med andre.
- Gode samarbeidsevner
- Gode evnar til kommunikasjon og relasjonsbygging
- Evne til å tenka klart i ein hektisk kvardag, og leiarar andre gjennom det same
- Samfunnsorientert og forståing for rolla i eininga i samfunnsoppdraget til politiet
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas polititenester
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga som politioverbetjent SKO 0287 blir lønna i spennet frå ltr. 75/ 728 100,- til ltr. 78/ 790 100,- brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
Generelt
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Ref.nr: 22/138560
Kontaktinformasjon
Merethe Toppe, Seksjonsleiar, 55255502Spørsmål om CV og søknad, Kontakt Seksjon for HR, 55556830, 207.HR.vest@master.net
Arbeidsstad
Litleåsvegen 435132 Nyborg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vest politidistriktReferansenr.:4547135648
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 22.08.2022
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 593 450 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.