Helsefagarbeidar 20% fast - Kvednatunet
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg og pleie av eldre menneske
- Følgje opp bebuarar i eit bufellesskap ved å arbeide sjølvstendig og i team
- Medisinkompetanse
- Retteleie elevar, lærlingar og støtte kollegaer
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Fagbrev innan Omsorgsfag, helsefag, hjelpepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid med demente, og /eller erfaring innan pleie- og omsorgstenester.
Ønskjeleg med:
- Autorisasjon helsefagarbeidar
- Grunnleggjande IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Arbeidsglede
- Interesse for faget og lyst til å være med å utvikle tenestene til dei demenete
- Må ha evne til å arbeide sjølvstendig både på kveld og helg
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst moglelg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Nina Sandstå, Tlf: +47 55096212, Mobil +47 90524956, Epost: nina.sandsta@oygarden.kommune.no
Om bedriften
Kvednatunet er heimen for 40 eldre menneske med demensdiagnose som treng heildøgns omsorg. Budstadene er fordelt i 4 bufelleskap.Vi har god sjukepleiardekning og lege 3 dager per veke.