Lærar - inntil 2 faste stillingar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Arbeidsstad Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 300 elevar og ca. 50 tilsette. Skulen er plassert midt på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.
Med forbehold om internt opprykk har Storebø skule inntil 2 faste stillingar som lærar frå 01.08.21
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Kontaktlærarfunksjon
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
- Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
- Gode samarbeidsevner
- At du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
- Ønskeleg med erfaring som kontaktlærar
- God IKT-kompetanse
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Vibecke Storebø, Tlf: 55081325, Epost: vibecke.storebo@austevoll.kommune.no
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!