Rettleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4268355817 Presentasjon av stillingen:
NAV Ulvik har ledig stiling som rettleiar. Det er ynskjeleg med snarleg tilsetting. Stillinga er eit vikariat fram til 1. november 2021 med mogelegheit for fast tilsetjing. Kontoret leverer tenester til innbyggjarar og bedrifter i Ulvik herad og er i tillegg ein del av NAV region Voss Hardanger. Det kan verta lagt oppgåver for heile regionen til stillinga. NAV Ulvik har kontor på Heradshuset i Ulvik sentrum, og det er 2 årsverk ved kontoret. I tillegg vil den som får stillinga verta knytt opp til eit stort fagmiljø på NAV Voss.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver vil vera innanfor heile tenestepakka ved NAV kontoret
- Rettleiing og oppfølging av brukarar med fokus på arbeid og aktivitet
- Støtte opp om dialog og prosess mellom arbeidsgivar og arbeidstakar
- Sakshandsaming innanfor eininga sitt ansvarsområde
- Tverrfaglegleg samarbeid
Me tek atterhald om endringar arbeids og ansvarsområdet. Du må rekne med å måtte utføre dei opgåvene som til eikvar tid er naudsynt for at kontoret og regionen skal imøtekoma brukarane sitt behov.
Kvalifikasjoner
- Minimum 3 årig høgskule/ universitetsutdanning. Relevant erfaring kan kompensera for deler av utdanningskravet
- Relevant arbeidserfaring frå NAV er ynskjeleg
- God IKT/ digital kompetanse
- God muntlig og skriftlig framstillingsevne
Personlige egenskaper
- Engasjert, ansvarsbevisst og målretta
- Har kunnskap om og forståing for NAV sitt samfunnsoppdrag
- Har kjennskap til, eller interesse for lokal og regional arbeidsmarknad.
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Vi tilbyr
- Spanande og meiningsfylte oppgåver.
- Fleksibel arbeidstid.
- Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- Statlig tilsetting i stillingskode 1434 rådgjevar; lønnsspenn. 464 000 kr. - 496 100 kr. pr. år.
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse.
Me gjer merksam på at CV benyttes i utvidet søkerliste.
Kontaktinformasjon
Bjørn Søvik, Avdelingsdirektør NAV Region Voss Hardanger, 98249701, bjorn.sovik@nav.no
Arbeidssted
Skeiesvegen 3
5730 Ulvik
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4268355817
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.09.2020
Sluttdato: 31.10.2021
Søknadsfrist: 16.08.2020
Om bedriften
NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen ) leverer arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning. Vi har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om tilsetjing av søkjar med nedsett funksjonsevne/”hol i CV” kan bli brukt i statistikken til regjeringa si inkluderingsdugnad.
CV blir nytta til ei utvida søkjarliste. Du må grunngje om du ynskjer å bli fjerna frå offentleg søkjarliste. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjarlista. Du vil bli varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
NAVstilling