Haram vidaregåande skule - undervisningsstillingar, vikariat
Opplysningar om stillingane
Inntil 500 % vikarstillingar innan fagområda naturfag, matematikk, fysikk, kjemi, fransk, religion og engelsk frå 01.08.2019 og utover i skuleåret.
100 % Matematikk og fysikk i ca 4 mnd.
300 % Naturfag, matematikk, fysikk og kjemi inntil 1 år
100 % Fransk, religion og engelsk i 5 mnd. med moglegheit for forlenging
For fleire opplysningar kontakt rektor Jan Magne Helland.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med faglege utfordringar og moglegheiter til fagleg utvikling
- Internasjonal satsing og samarbeid
- Nært samarbeid med eit internasjonalt retta og dynamisk næringsliv
- Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
- Løn og arbeidsvilkår etter avtale
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Mangfald
Vi har som mål å spegle mangfoldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Politiattest
Den som blir tilsatt må levere politiattest.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Haram vidaregåande skule har om lag 300 elevar og rundt 55 tilsette. Skulen ligg i Brattvåg, kommunesenteret i Haram. Skulen er kjent for å ha eit godt elev- og læringsmiljø, og for sitt gode samarbeid med kommune og næringsliv. Vi har gjennom samarbeidet mellom anna gjort det mogleg å etablere nye utdanningsprogram. Det vert gitt høve til utplasseringar i kommune og næringsliv, ekskursjonar og studieturar i inn- og utland. Haram vidaregåande skule administrerer no eit eige fylkestilbod på Vg2 studiespesialisering - eit studieår i Skottland. Les meir om oss på skulen si heimeside. www.haram.vgs.no