Radiolog, seksjon for barn og ungdom - Radiologisk avdeling
Radiologisk avdeling er ei avdeling i stadig utvikling. Vi har ca 300 flinke og engasjerte medarbeidarar. Avdelinga har ei moderne utstyrspark. Senter for nukleærmedisin og PET er ei integrert eining i Radiologisk avdeling og det er eit tett samarbeid mellom nukleærmedisinar og radiolog innan hybriddiagnostikk. Avdelinga nyttar Agfa IMPAX og DIPS.
Vi jobbar tett opp mot våre kliniske samarbeidspartnarar med regelbundne demonstrasjonar og MDT møte. Sjukehuset fungerer som lokalsjukehus og regionssjukehus. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande og omfattar utgreiing av akutte og kroniske sjukdomar. Vi legg vekt på eit godt miljø på seksjonen, med fleksibilitet og eit godt samarbeid oss imellom for å løyse dei oppgåvene seksjonane har tildelt.
Vi har ledig 1 års vikariat for overlege ved seksjon for barneradiologi.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsarbeid, tolking av undersøkingar i fagfeltet og deltaking i fagmøte
- Ultralydverksemd
- Rettleing av dei LIS-legane som til ein kvar tid har teneste ved seksjonen
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon og vere spesialist i radiologi, søkjar med kort tid att til ferdig spesialist kan og søkje
- Erfaring og interesse for fagfeltet vil telje positivt for søknaden, særskild interesse og erfaring med ultralyddiagnostikk hos barn er ønskjeleg
- Søkjar må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege Eigenskapar
- Vi søkjer personar med ei positiv innstilling og fagleg engasjement
- Gode evner til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å skape ei god ramme for barn og pårørende ved radiologisk utgreiing
- Evne til å prioritere for å gje pasientane best mogleg utgreiing og behandling
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Kari Løhre Kuvås, Avdelingsoverlege, 55972865
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4040146880
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat heltid
Startdato: 01.08.2019
Sluttdato: 31.07.2020
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 31.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4040146880&company_id=53021&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.