Jordmor, ledig fast 85 % stilling
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4117689394 Presentasjon av stillingen:
Ved Voss sjukehus, Føde-/barselavdelinga er det ledig 85 % fast stilling som jordmor frå 01.09.2019. Det er per i dag 3-delt turnus.
Føde-/barselavdelinga har 10 barselsenger fordelt på 6 rom. Fødselstalet ligg i underkant av 500 pr. år. Vi legg vekt på tryggleik, nærleik og ro i fødselsforløpet, slik at fødselen kan foregå så naturleg som mogleg. Smertelindring gjev vi etter ønskje og behov, også epiduralbedøving. Planlagd og akutt keisarsnitt blir gjort i dei høve der det er naudsynt.
Ved behov for spesiell oppfølging og behandling i graviditeten og/eller under fødsel, henviser vi til Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. T.d. blir tvillingar og diabetikarar forløyst ved KKB i Bergen.
Voss sjukehus er eit lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn. Voss sjukehus har fine lokalitetar med moderne og godt utstyr.
Det er i underkant av 400 tilsette på sjukehuset. Vi har akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Det er gode støttetenester innanfor radiologi, fysioterapiavdeling, rehabiliteringsteam og laboratorium med blodbank.
Arbeidsoppgåver
- Føde- og barselarbeid
- Poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Jordmor
Utdanningsnivå
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du er punktleg og påliteleg
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Hege Vik Indrebø, Avdelingsjordmor, 924 29 062 / 56 53 35 73
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4117689394
Stillingsprosent: 85%
Søknadsfrist: 25.08.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.