Sjukepleiar
Me søkjer:
Sjukepleiar v/Vindafjordtunet natt.
Vikariat på 49,68% ledig til 22.04.2020.
Tiltreding etter avtale.
Hovudarbeidsoppgåver
- Varierte sjukepleiarfaglege oppgåver på natt. Sjukepleiar i team med god fagkunnskap.
- Nattpatrulje kan forekomme.
- Rettleie og samarbeide med andre yrkesgrupper
- Bidra til innovasjon og fagleg utvikling innan geriatrien sett frå nattleg perspektiv.
- Bidra til god dialog og samarbeid med kollegaer på dag/kveld.
Kvalifikasjoner
- Offentlig godkjent sjukepleiar
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
- Grunnleggande datakunnskaper
Andre opplysninger
Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats, og er delt i to soner.
Sone 1 har 38 plasser for personer med demens (langtid og korttid), samt dagsenter.
Sone 2 har 14 institusjonsplasser (langtid og korttid). Heimetenesta ligg no til Ølen omsorgssenter men med base ved Vindafjordtunet.
Sjukepleiarar på natt jobbar på heile huset og i heimetenesta natt. Ein fordel seg på huset og avdelingane etter behov for fagkompetansen.
Me har flotte uteområder og dedikerte kollegaer og frivillige. Hjå oss vil me ha det høgt under taket med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear.
Du jobbar kvar 4.helg. Vår fleksiturnus gjer at du i stor grad kan tilpasse når du ynskjer å jobbe.
Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i demensomsorga og geriatrien for øvrig!
Vil du bli med på vårt team? Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål!
- års sjukepleiarstudentar er og hjerteleg velkomne til å søkje. Me har gode ordningar for å ivareta og gi ein god start i yrkeslivet til nyutdanna sjukepleiarar.
Følg oss gjerne på facebook.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Ta kontakt med helsesøster viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege egenskaper
- Fagleg oppdatert og sjølvstendig
- Godt humør og bidragsytar til eit positivt arbeidsmiljø
- Trives med innhaldsrike og varierte arbeidsdagar/netter
- Gode samarbeidsevner
- Fokus på brukarmedverknad og ivaretaking av bebuarar sine ressursar
- Engasjert og motivert for å lage "gylne augneblikk" og yte svært gode tenester
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Seniorordning
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og er delt inn i Demensomsorga og Somatisk langtid. Demensomsorga har 38 plasser for personar med demens inkludert rulleringsopphald. Somatisk langtid har 14 plasser inkludert avlastingsopphald. Heimetenesta som gir tenester i Skjold, Vats og Vikebygd ( Ytre sone) har base ved Vindafjordtunet men høyrer inn under Ølen omsorgssenter. Dagsenter for heimebuande eldre og personar med demens er og på Vindafjordtunet 4 dagar i veka. Begge avdelingane har kvar sin avdelingssjukepleiar samt team sjukepleiarar. Me har fleksibel turnus - noko tilsette er svært nøgde med.