Stipendiat i hydrotermisk organisk geokjemi
Jobbnorge ID: 172432
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Stipendiat
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i hydrotermisk organisk geokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (t. d. undervisning). Stillinga er knytt til forskingsrådet sitt FRINATEK-prosjekt "HyPOD" (2019-2021, Prosjektleder: E. Reeves).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
PhD-stillinga tek sikte på å eksperimentelt avgjere kva for organiske molekyl som kan genererast ved ulike mekanismar (pyrolyse av organisk materiale, abiotisk syntese) under simulerte hydrotermiske forhold i laboratorium, og kople desse dataa med nye målingar av organiske molekyl med lav molekylvekt i innsamla hydrotermiske væskeprøver frå varme kjelder på havbotnen. Det sentrale målet med prosjektet HyPOD er å gje eit grunnleggande rammeverk for å forstå korleis ulike prosessar på havbotnen påverkar samansetjinga av organiske stoffer i hydrotermiske væsker og vidare om dei er relevante for eit antatt hydrotermisk opphav til livet på jordkloden. Arbeidsoppgåver for kandidaten vil vere å utføre hydrotermiske eksperiment i laboratoriet, måle oppløyste gassar og deira stabile isotopar ved hjelp av gasskromatografi og massespektrometri. Kandidaten skal og integrere eksperimentelle resultat med analoge målingar frå væskeprøver samla inn frå forskingstokt til varme kjelder lokalisert på den Midtatlantiske ryggen og Stillehavsryggen. Kortare forskingsopphald (for spesialanalysar) med prosjektpartnare i Tyskland (University of Oldenburg / Bremen) må også påreknas.
Stipendiaten vil vere tilknytt K. G. Jebsen senter for dyphavsforskning, som fokuserer på tverrfaglig forsking i arktiske djuphavsmiljø. Senteret organiserer årlege forskingstokt for å studere varme kjelder lokalisert på den arktiske midthavsryggen. Det vil og vere mogleg å delta på internasjonale forskingstokt. Prøvetakinga vert utført ved bruk av moderne marin teknologi.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geokjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Demonstrert praktisk erfaring (t.d. avhandling) frå analyse av lavmolekylære organiske stoffer (t.d. hydrokarbonar) og gassar i væsker er eit krav.
- Demonstrert kunnskap (t.d. kurs / forsking) i både organisk kjemi (eller organisk geokjemi) og hydrotermisk/akvatisk geokjemi er eit krav.
- Erfaring med marin geokjemisk forsking er ein føremon.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner, også som ein del av eit større lag.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
- relevante attestar
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjonar (eller publisertet konferansesaker)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Førsteamanuensis Eoghan P. Reeves, Inst. for Geovitenskap, UiB (eoghan.reeves@uib.no).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.