Undervisningsstilling i helse- og oppvekstfag - inntil 60 prosent vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Sogndal vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Lunnamyri 2, 6856 Sogndal
Org. nr: 974571056 Stillingsident: 4257895791 Presentasjon av stillingen:
Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 800 elevar og 150 tilsette. Skuleåret 2019/2020 har vi 41 klassar fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, medium- og kommunikasjon, studiespesialisering, service- og samferdsel, restaurant- og matfag og teknikk og industriell produksjon. I tillegg har vi landslinje for yrkessjåførar, vaksenopplæring og ansvar for fengselsundervisning. Vi held til på Fosshaugane Campus i nye og moderne lokale. Arbeidsmiljøet for dei tilsette er godt, og vi legg vekt på å ha godt læringsmiljø for elevane. For meir informasjon om skulen, gå til www.sogndal.vgs.no
Ledig inntil 60 prosent vikariat for skuleåret 2020/2021 ved Helse- og oppvekstfag
Arbeidsoppgåver
Undervisning i programfag ved vg1 Helse- og oppvekst og vg2 Helsefagarbeidar.
Kvalifikasjonar
- Yrkesfaglærarutdanning med fagbrev som helsefagarbeidar, eller tilsvarande formell utdanning innan sjukepleie.
- Godkjent pedagogisk utdanning til å undervise på vidaregåande skule.
- Undervisningserfaring frå vidaregåande skule.
- God kjennskap til bruk av digitale læremiddel.
- Kunne bruke digitale verktøy frå pleie- og omsorgssektoren og ha god IKT-forståing.
- Erfaring med bruk av velferdsteknologi.
- Relevant og fersk praksis frå pleie- og omsorgssektoren .
Personlege eigenskapar
- Er trygg og truverdig i rolla som lærar.
- Evne til å motivere og bygge gode relasjonar.
- Sjølvstendig samtidig som du kan samarbeid med andre.
- Målretta og utviklingsorientert.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Nært samarbeid med kollegaer.
- Løn etter gjeldande offentleg regulativ.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår.
Andre opplysningar:
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule. Politiattesten må vere av nyare dato.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Stillinga vert utlyst med atterhald om at tilsette i Vestland fylkeskommune kan ha førerett til stillinga.
Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.
Kontaktinformasjon
Mona Kristin Øvereng Ylvisåker, avdelingsleiar, 41680306, Mona.Overeng.Ylvisaker@vlfk.no
Jorunn Felde, rektor , 95191964, Jorunn.Felde@vlfk.no
Arbeidsstad
Lunnamyri 2
6856 Sogndal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4257895791
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 06.07.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sogndal vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Adresse
Lunnamyri 2, 6856 Sogndal
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 7. juli 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4257895791_Sogndal vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune_webcruiter
Stillingsnummer: 8c4c1d98-7f1b-4c62-a89f-a742f46cb8e9