Jurist (seniorrådgjevar)
Jobbnorge ID: 187609
Kva gjer vi i polar- og nordområdeseksjonen?
Vi har ansvar for nasjonal politikkutvikling og internasjonalt arbeid knytt til miljø i polarområda. Seksjonen har spesielt ansvar for forvaltning av naturmiljøet på Svalbard, etatsstyring av Norsk polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond og miljøvernarbeidet hos Sysselmannen på Svalbard. Seksjonen forvaltar staten sitt eigarskap i Kings Bay AS. Utvikling av forskingsbasert kunnskap om miljø i polarområda er eit viktig verkemiddel i arbeidet.
Arbeidsoppgåvene vil vere:
- lov- og forskriftsarbeid der du utviklar miljøregelverket for Svalbard og Antarktis, samt tolkningsspørsmål og klagebehandling av enkeltsaker på polarfeltet
- nasjonal koordinering og internasjonalt arbeid knytt til miljøspørsmål i Svalbard og Antarktis
- samarbeid med andre departement på polarområdet
- oppfølging av miljøarbeidet hos Sysselmannen på Svalbard
- eigarstyring av Kings Bay AS som driftar Ny-Ålesund på Svalbard
- andre aktuelle oppgåver innanfor arbeidsfeltet til seksjonen kan vere oppfølging av Svalbards Mijøvernfond, FRAM- nordområdesenter for klima- og miljøforsking og Norsk Polarinstitutt
Viktig å vite:
Stillinga er fast.
Eit vilkår for å starte i stillinga er at du kan sikkerheitsklarerast på nivå "Hemmeleg ".
Du må rekne med noko reiseverksemd, mellom anna til Svalbard og til internasjonale møte.
Vil du vite meir om stillinga? Ta kontakt med: avdelingsdirektør Aud Ingvild Slettemoen, tlf. 948 06 329 /seniorrådgjevar Kristin Heggelund, tlf. 996 38 083.
Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn:
- Mastergrad i rettsvitskap med gode karakterar
- Relevant erfaring frå miljøforvaltning
- Svært god evne til å skrive og snakke på norsk og engelsk
Ønskeleg:
- Erfaring frå utgreiing og verkemiddelutvikling
- Kjennskap til selskapsrett
For å lukkast i stillinga må du:
- vere analytisk, strukturert og ha stor arbeidskapasitet
- kunne arbeide sjølvstendig, samtidig som stillinga krev gode samarbeidsevner
- vere fleksibel og trivast med å levere med korte fristar i en travel kvardag
- forstå rolla som embetsverk for politisk leiing
- gode kommunikasjonsevner
Kvifor skal du jobbe hos oss:
- Vi kan tilby eit dynamisk arbeidsfelt med eit breitt spenn av komplekse oppgåver knytte til miljøregelverk og miljøforvaltning på Svalbard og miljøspørsmål i Antarktis. Oppgåvene blir løyste i eit nært og tverrfagleg samarbeid med kollegaer i KLD og andre departement.
- Du får ein unik moglegheit til å bidra med faglege råd for politisk leiing.
- Vi har eit godt felleskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
- Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmolegheiter.
Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tar i bruk potensialet i den samla kompetansene i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere persona med nedsett funsksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode moglegheiter for tilrettelegging.
Lønn og tittel:
Årslønn frå kr 532.300 - 655.400 (lønnstrinn 60 - 71).
Som ein hovudregel blir det kravd fem års relevant arbeidserfaring for å bli plassert som seniorrådgjevar.
Er dette stillinga for deg? Les følgjanda:
- Vi ber om at du laster opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Personalopplysningane dine vil bli tatt vare på i samsvar med GDPR.
- Det blir gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om å vere unnateken frå søkarlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
- Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- livserfaring blir oppmoda til å søke.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 250 tilsatte.
Hav- og forureiningsavdelinga arbeider med strategi- og politikkutvikling og forvaltningsoppgåver retta mot hav- og nordområda, forureining, miljøgifter, marin forsøpling og mikroplast og miljøomsyn i EØS-, handels- og investeringsavtale.