Ambulansearbeidar 50-100% vikariater
Org. nr: - Stillingsident: 4268448623 Presentasjon av stillingen:
Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 260 tilsette. Drifta er i dag organisert i tre ambulanseområde i tillegg til AMK-sentral.
Vi søkjer etter autoriserte ambulansearbeidarar og har ledig følgjande vikariat:
Åsane Ambulansestasjon
- 100% vikariat frå 16.08.2020 - 04.10.2020
- 50% vikariat frå 05.10.2020- 05.04.2021
- 100% vikariat frå 01.09.2020- 31.05.2021
Knarvik Ambulansestasjon
- 50% vikariat frå 17.08.2020 - 31.05.2021
Austrheim ambulansestasjon
- 100% vikariat frå 17.08.2020- 31.10.2020
Det tas forbehold om endringar i personalgruppa på alle stillingar
Stillingane har rullerande turnus med arbeid kvar 3. helg.
Du må opplyse i søknaden hvilke stilling(ar) du søkjer på
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar
- Krav om kompetansebevis for utrykkingskøyring (kode 160)
- Førarkort kl. B C1
- Plettfri vandel. Vandelsattest må leggjast fram før tilsetjing
- Søkjarar med anna helsefagleg bakgrunn og som har gjennomført vikarkurs kan og bli vurdert for vikariata
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
- God fysisk og psykisk helse
- Evne til å ta raske avgjersler og til å arbeide sjølvstendig
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr gode turnusordningar
- Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
- Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
- Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
- Gode kollegaer i eit trivelig miljø
Kontaktinformasjon
Tommy Nybakk, Seksjonsleiar, 41929290
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4268448623
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.08.2020
Sluttdato: 01.06.2021
Søknadsfrist: 12.08.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.