Miljøterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4469024086 Presentasjon av stillingen:
Butenesta Nordre, avdeling Haram-Sandøy, yter helse- og omsorgsteneste til rundt 13 tenestemottakarar med ulike behov, dei fleste med diagnose utviklingshemming. Vi samarbeider tett med Dagsenteret i Brattvåg, som ligg under Verksemd Arbeid og Aktivitet.
Vi ønsker å vere ein stad for utvikling og trivsel for både tilsette og tenestemottakarar.
Stillinga er ledig snarast. Arbeidstid er dagtid/kveld, med arbeidshelg kvar 4. helg. Det er langvakter på 12,5 time laurdag og søndag. Arbeidstad er vårt bukollektiv på Vatne som heiter Solbakken.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Være kreativ og nytenkande for å imøtekome tenestemottakarane sine behov og ønskjer.
- Bruk av hjelpemiddel, også velferdsteknologiske hjelpemiddel.
- Deltagelse/samhandling med pårørende/verge og andre samarbeidspartnere
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrar og lovverk.
- Fagutvikling.
- Utarbeide, oppdatere, samt følge opp tiltak og planer etter gjeldande vedtak.
- Legemiddelhandtering.
- Fagleg ansvar for tvangsvedtak
Kvalifikasjonar
- Har erfaring med personer med autisme - utviklingshemming
- Vernepleier, sjukepleier eller anna relevant utdanning, minimum treårig høgskule.
- Erfaring med å jobbe tverrfaglig, og i team
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Du viser initiativ, og er kreativ.
- Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Du har stor arbeidskapasitet, og er ein utprega omsorgsperson som evner å bygge gode relasjonar med tenestemottakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Du evner å skape engasjement, og har gode haldningar.
Vi tilbyr
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- God opplæring, og eit godt arbeidsmiljø.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Mariann Alvestad, Avdelingsleiar, 91161215
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 41625242
Arbeidsstad
Ulvestadvegen 6
6265 Vatne
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4469024086
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2022
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.