Ledig mellombels stilling som lærar i 80% stilling
Opplysninger avdeling
Kaland barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med omlag 128 elevar skuleåret 2020/2021. Det er 25 tilsette ved
skulen, av dei er 20 pedagogisk personale.
Skulen har symjebasseng, og eit skulebibliotek som er samlokalisert med folkebiblioteket sin filial.
Austrheim kommune er ein Realfagkommune. Skulen satsar på å ha eit godt opplæringsmiljø for alle elevane våre. Det
betyr tilpassa opplæring, fokus på trygt skulemiljø og høg fagleg kompetanse med vekt på god vurdering.
Utanom Fagfornyinga har skulen desse satsingsområda:
- skulen har vore ein PALS-skule i 10 år
- systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdighetane
- realfag og digital kompetanse
- vidare arbeid med god vurderingspraksis
Arbeidsoppgåver
Stillinga er på både mellom- og ungdomssteget.
Undervisning og pedagogiske oppgåver.
Krav til kompetanse
Grunnskulelærarutdanning 5-10.
Ynskjeleg med undervisningskompetanse i engelsk og kroppsøving.
Kompetansekrav for undervisning i engelsk, norsk og matematikk er 60 % studiepoeng på ungdomssteget og 30
studiepoeng på barnesteget.
Vi ynskjer å ha tilsette, som kvar dag møter elevane med varme, omsorg og engasjement.
Personlege eigenskaper
Du er god på å byggje tillitsrelasjonar til elevar, foreldre og tilsette
Sjølvstendig og fleksibel
Bidreg inn i skulen sitt utviklingsarbeid
Tydelege leiareigenskapar og god klasseleiing.
Informasjon om stillinga
For nærare opplysningar kontakt rektor Birgitte Gullaksen tlf. 99706344; birgitte.gullaksen@austrheim.kommune.no
Vi kan tilby
Ein spennande og variert arbeidsplass
Ein arbeidstad i utvikling
Motiverte og engasjerte tilsette og elevar
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.
Søknad vert å senda
Søkjar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) er i ferd med å løfte seg etter ein periode med økonomiske utfordringar. Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn! Vi søkjer....