Stabsdirektør/økonomidirektør
Jobbnorge ID: 189497
Om stillingen
Bufetat, region vest søker stabsdirektør/økonomidirektør med ansvar for regionen sine støttefunksjonar i stab. Stillinga inngår i regiondirektøren si leiargruppe og leiar seksjonssjefane for Seksjon for HR, Seksjon for fagleg støtte, Seksjon for verksemdstyring og leiar for Kontorfagleg eining. Vi søker ein person som er motivert av vårt samfunnsoppdrag og identifiserar seg med etaten sine verdiar respekt, åpenheit og deltaking.
Arbeidsoppgåver/ansvarsområde
Stabsdirktør/økonomidirektør inngår i regiondirektøren si leiargruppe saman med tre andre avdelingsdirektørar og kommunikasjonssjef. Økonomidirektøren skal planlegge, leie og utvikle regionen sine støttefunksjonar slik at dei understøttar kjerneverksemnda. Dette inneber mellom anna;
- Sørge for god kvalitet i analysearbeidet, budsjettarbeidet, økonomioppfølginga av einingane og prognosearbeidet
- Sikre god styringsinformasjon til leiargruppa
- Samarbeide med, og svare ut bestillingar frå direktoratet
- Sørge for god kvalitet i regionen sine plan- og styringsprosessar, forvaltningsoppgåver og prosess- og implementeringsstøtte
Stillinga inneber noko reiseverksemnd.
Kvalifikasjonskrav
- Høgare økonomiutdanning som siviløkonom eller tilsvarande
- Det er ønskeleg med tilleggsutdanning innan leiing
- Solid og relevant leiarerfaring, inkludert erfaring i å leie leiarar
- Erfaring frå økonomisk analysearbeid, verksemdstyring, økonomistyring, prosess- og endringsarbeid
- Særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning
Personlige egenskaper
Som person kan du identifisere deg med og la deg motivere av etaten sitt samfunnsoppdrag og er ein god motivator. Vi ser etter deg som:
- Har gjennomføringskraft
- Er strukturert
- Er effektiv med stor arbeidskapasitet og evne til å takle utfordrande situasjonar og tidvist stort arbeidspress
- Er analytisk, har evne til å forstå komplekse problemstillingar, sjå relevante samanhengar og finne gode løysingar
- Har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1060 som avdelingsdirektør, med løn p.t. frå kr 813 400 til kr 992 200 pr. år (ltr. 80-87). Avlønning vurderast etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare avlønning vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Fleksitid.
- Fagleg og spanande utfordringar med moglegheit til å påverke.
- Deltaking i Bufetat si leiarskole.
Generelle opplysninger
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til region vest, regionens stab med arbeidsstad i Bergen.
- Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har oppmodet om ikkje å bli ført på søkarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.
Kontaktinformasjon
Regiondirektør Marianne Kildedal, telefon; 450 65 450
Avdelingsdirektør Hilde Baardsen, telefon; 466 19 081
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden
Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse og varighet skal tas med ved et evt. intervju.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og deira familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Norge.
Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.