Brannkonstabel
Frå snarast har Hornindal brannvesen ledig stilling som brannkonstabel, i 0,62% stilling.
Brannvesenet er organisert som deltidsbrannvesen, med 16 tilsette. Av desse 4 befal og 12 konstablar. Vedkomande vil inngå i beredskapsstyrken til brannvesenet, og vi søkjer etter ein person med gode kvalifikasjonar og interesse for brann- og beredskapsarbeid. Lovpålagt utdanning må gjennomførast dersom vedkomande manglar dette.
Kvalifikasjonskrav:
- Må vere fysisk og psykisk skikka for tenesta
- Må kunne dokumentere tilfredsstillande helse- og politiattest av nyare dato
- Må ha gjennomført førstegongstenesta
- Må ha fast bustadadresse i Hornindal kommune (kortare avstand enn 5 km frå brannstasjonen)
- Må ha relevant utdanning og praksis. Følgjande kvalifikasjonar vert vektlagt:
- Godkjent grunnutdanning som brannkonstabel
- Førarkort for tyngre køyrety
- Utrykkingsbevis
- Røykdykkarkurs, hjartestartarkurs, førstehjelpskurs m.fl.
- Yrkesfagleg utdanning og praksis, gjerne fagbrev
- Personar som manglar lovpålagt utdanning må vere villig til å gjennomføre slik utdanning. (Den som blir tilsett må forplikte seg til å gjennomføre utdanning i samsvar med Hornindal brannvesen sin opplærings- og utdanningsplan. Jf. Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen.)
Tilsetjing etter vanlege kommunale lønns- og arbeidsvilkår.
For meir opplysningar om stillinga kan ein kontakte: Brannsjef Ståle Hatlelid, tlf. 57 87 98 23/ 915 66 944
Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema ved søknad på stillinga.
Om bedriften
Hornindal er ein liten kommune lengst nordaust i Sogn og Fjordane fylke, med ca. 1156 innbyggjarar. Kommunen grensar til Stryn og Eid kommunar i Sogn og Fjordane, og til Stranda, Ørsta og Volda kommunar i Møre og Romsdal fylke. Reisetida til sentra i nabokommunane er frå 20-60 minutt.