Miljørettleiar / fagarbeidar - Lunde barneskule
Lunde barneskule har ledig 63,44% vikariat som miljørettleiar/fagarbeidar/assistent i skulen frå 01.08.19-31.12.19. Stillinga går over alle vekedagar.
Arbeidsstad
Lunde barneskule er ein 1-7 skule med rundt 360 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde, sør i Os kommune. Hausten 2017 tok vi i bruk eit heilt nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Lunde skule satsar på trivsel og tryggleik, og arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. Vår visjon er: "Vi elskar å lære".
Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av elevar i gruppe og klasse.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein medarbeidar som har fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning og arbeidserfaring. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Gode norsk kunnskaper skriftleg og munnleg. Nynorsk er administrasjonsmålet i Os kommune.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
Vi ser etter deg medarbeidar som:
- er løysingsorientert
- er fleksibel
- kan jobba sjølvstendig
- har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar til born og vaksne
- er ein tydeleg og engasjert rollemodell
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Om bedriften
1.januar 2020 slår Os og Fusa kommunar seg saman til Bjørnafjorden kommune."Saman for vekst og utvikling!" er visjonen for arbeidet med kommunesamanslåinga, og større og meir robuste fagmiljø er eit viktig mål. Vi ser etter medarbeidarar som lyttar med respekt , finn smarte løysingar, gjer det dei seier og er inkluderande.