Sjukepleiar/Vernepleiar. 100% fast stilling ved AFR Klokkarvik i kombinasjon med Bemanningssenteret
Org. nr: - Stillingsident: 4336631529 Presentasjon av stillingen:
AFR Klokkarvik har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast stilling i 100% som sjukepleiar. Pt. er 80% av stillinga knytt til AFR medan 20% er knytt til Bemanningssenteret.
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca. 570 medarbeidarar. Avdelinga har seks døgn seksjonar for både akutt- og planlagd behandling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og ein LAR seksjon. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytt til mellom anna aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar- og fagleg integrasjon med psykisk helsevern. Avdelinga har eigen forskingsseksjon med mange spennande prosjekt.
Klokkarvik er ein del av Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen HF. Institusjonen ligg i naturskjønne omgjevnader, 40 minuttars køyring frå Bergen sentrum. Vi gir eit tverrfagleg tilbod til 18 mannlege ruspasientar.
Seksjonen har no ledig stilling som sjukepleiar/vernepleiar med langvakter frå 08.00 - 20.30 og arbeid kvar 4 helg. Vi tilbyr eit spennande tverrfagleg samarbeid saman med andre faggrupper. Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Avdelinga satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar ved sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved AFR. Ved ekstrabehov ved AFR vil du arbeide dei fleste av vaktene der.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar/vernepleiar arbeider saman med lege, psykologar, musikkterapeut, treningsterapeut og anna miljøpersonell på dagtid. På ettermiddag/kveld held du fram arbeidet med miljøpersonalet, og det vil vere ein lege i bakvakt
- Handtering av medisinar
- Miljøterapeutiske tiltak
- Individualsamtalar
- Deltaking i gruppebehandling
- Undervising til pasientar
- Kontinuerleg evaluering av tilbodet i samråd med team og leiing
- Tverrfagleg samarbeid i avdelinga og på tvers av avdelingar og verksemder
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring med arbeid innan rus og psykisk helse ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B er ein fordel
- God evne til samarbeid
Personlege eigenskapar
- I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstende, strukturert og målretta arbeid
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Regelmessig internundervising
- Svært godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Arbeid pt. kvar 4. helg - langvakter
- Årsturnus/kalenderplan
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Anne Steen Reikerås, Leiar AFR Klokkarvik, 55 908821/ 95120676
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret, 92463092
Arbeidsstad
Sundssjøen 20
5378 Klokkarvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4336631529
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 19.04.2021
Søknadsfrist: 05.03.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.