Rektor Høyland skule
Høyland skule sin gode rektor skal slutte hos oss og Hå kommune har derfor ledig stilling som rektor frå 1.3.2021.
Høyland skule ligg på Høyland langs fylkesveg 44 mellom Nærbø og Bryne. Skulen har 121 elevar frå 1. - 7. klasse og omlag 20 tilsette. Høyland skule er ein god skule å gå på, og er ein bygdaskule med mangfald og godt engasjement. Foreldregruppa, FAU og SMU/SU er aktive og jobbar for at det skal vera gode læringsforhold både inne og ute på skulen. Høyland skule sin visjon er: Høyland skule - trivsel og læring. Både elevar og personale har kvar sin Chromebook til bruk i læringsarbeidet.
Me ønskjer oss ein leiar som
- kan leia kollektive prosessar og setja pedagogisk retning
- har tydeleg og inkluderande leiarskap
- er oppteken av elevane si utvikling og at læring står i sentrum
- er oppteken av trygt og inkluderande skulemiljø
- er utviklingsorientert
- er fleksibel og har godt humør
- trivst saman med elevar, føresette og tilsette
- er aktiv bidragsytar i rektorkollegiet og i lokalmiljøet
- har gjennomføringsevne
Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk utdanning
- ønskeleg med leiarerfaring
- leiarutdanning/eventuelt avtale om gjennomføring av minimum rektorskule
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn
- God pensjonsordning
- Vi vil leggja forholda til rette for å kunna ta masterutdanning innan leiing
- Eit positivt og utviklande leiarmiljø
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysninga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Om bedriften
Hå kommunes administrasjonssenter ligger på Varhaug, ca. 40 minutter med tog fra Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggere, velfungerende skoledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbud og levekår. I tillegg til et rikt og variert kultur- og idrettstilbud finner man flotte tur- og friluftsområder. Hå kommunes visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønsker oss medarbeidere som kan identifisere seg med vår visjon og våre verdier!