Avdelingsingeniør/Saksbehandlar
Org. nr: - Stillingsident: 4197631798 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ved avdeling for forvaltning ledig for tiltreding etter avtale.
Arbeidsoppgåver
I hovudsak vil oppgåvene vere relaterte til forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale veger og grøntområder. Vedkommande skal jobbe i team i lag med fleire andre ingeniører og forvaltarar. Arbeidsoppgåvene vert fordelt etter kompetanse og etter opplæring, og spenner seg over eit stort fagområde.
Kvalifikasjonar
- Høgare teknisk utdanning frå høgskule/universitet, annan relevant teknisk bakgrunn eller annan relevant utdanning for eksempel juridisk utdanning.
- Det er ønskeleg med god kompetanse innan veg-faget, praktisk erfaring innan anleggsbransjen eller annen relevant praktisk erfaring.
- Søker må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.
- Løysningsorientert, med gode kunnskapar innan EDB.
- Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver.
- Eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Fleksitidsordning.
- Lønn etter kvalifikasjonar, god pensjonsordning i KLP.
Kontaktinformasjon
Helene Vorren, Avdelingsleiar , 913 28 211
Oddvar Kongsvik, Verksemdsleiar, 911 56 417
Arbeidsstad
Keiser Wilhelmsgate 11
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4197631798
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.